Me vil ikkje ha meir bistand.

Noreg må ikkje blande dei økonomiske interessene med bistand. Bistand har ikkje hjelpt Afrika. Dei norske skipseksport låna er eit bevis på det. Det er forretningsmessige investeringar i produksjonsvenlege sektorar som må til.
Min beskjed er ikkje "gje Afrika bistand". Me har sett at bistand er mislykka. Eg har forstått det slik at Noreg lånte pengar med krav om å kjøpe skip frå Noreg. Det var frå 1960 til 1980-talet. Skipsindustrien gjennomgjekk nedgangstider og styresmaktene spurde seg korleis dei kunne stimulere sysselsetting innan skipsindustrien. Dei gav bistand til afrikanske og latinamerikanske land og politikarane forplikta lånetakarane til å kjøpe norske skip. Ei rekkje land kjøpte skip, men dei måtte likevel tilbakebetale gjelda, noko dei ikkje klarte. Heldigvis sletta Noreg denne gjelda. Noreg betalte imidlertid ikkje tilbake dei pengane som var betalt før gjelda vart sletta. Så når eg snakkar om dette fondet så snakkar eg ikkje om bistand, men om forretningsinvesteringar.

Klikk her for å lese hele teksten