På vegne av Attac Bergen og Latin-Amerikagruppa  i Bergen reiste me til Venezuela for å følje presidentvalet  7.oktober i hovudstaden Caracas.

Thorleif Bertelsen, Attac Bergen
Ivar Jørdre, Attac Bergen  Thorleif Bertelsen og Ivar Jørdre i Attac Bergen har vært i Venezuela, og i dette reisebrevet skriver de om sin opplevelse av landet.

I media her heime kan me lesa om bajasen og diktatoren Hugo Chávez Frias, som kastar rundt seg med oljepengar i god populistisk stil. Blant vennene hans er Kviterussland og Iran, og han gjer alt for å terge USA.

Vårt utgangspunkt var at slike karakteristikkar er overdrevne, og me fekk erfare at eit slikt syn først og fremst representerar opposisjonen. Venezuela er polarisert politisk og mange har sterke meiningar om Chávez, som har sete med makta sidan 1998. Skiljelinjene går gjerne langs sosiale klassar, og mens dei rike heile tida har åtvara mot kommunisme og eit nytt Cuba har arbeidarklassen og fattige for ein stor del slutta opp om Chávez ` «sosialisme for det 21.århundre».

Resultata av ein inkluderande grunnlov frå 1999, nasjonalisering av ikkje minst dei store oljeressursane og storstilte prosjekt innan blant anna helse og utdanning, kalla Missiones, har redusert fattigdommen drastisk. I følje FN er Venezuela nær ved å oppnå Tusenårsmåla. Berre 3.5 % av folket er nå ekstremt fattige. Dette er meir enn ein halvering. Fattige sin del av landet sitt forbruk er 4.9 % (3.3 % i det nyindustrialiserte Brasil), og arbeidsløysa i Venezuela er jamn over lågare enn i Brasil. Samtidig ventas ein økonomisk vekst i Venezuela (i følje styresmaktene) på 6-7 % i 2012; det er vesentleg betre enn i kriseramma Europa!

Andre tal fortel at 94 % har tilgang på reint vatn i byområder. 95 % fødslar hender med kvalifiserte pleiarar og 98,4 % av unge er lese- og skrivekyndige (det er fleire barn som fullfører grunnskulen enn i USA).  Tal henta frå www.globalis.no

I tillegg brukast oljeinntekter til investeringar i industri og landbruk for å bli meir sjølvforsynt. På 90-talet var landet avhengig av å importera heilt grunnleggande matvarer og anna.

Målet er mest mogleg sjølvstende og til dette nyttast frigjeringshelten Simon Bolivar mykje. Bolivar var fødd i Caracas i 1783 og er eit ruvande nasjonalikon, også for deler av høgresida. Han leia motstanden mot dei spanske kolonistane og har fått æra for ikkje berre Venezuela si sjølvstende, men også likeins for Peru, Colombia, Ecuador, Panama og Bolivia. Sjølv om visjonen hans om eit eina, demokratisk Sør-Amerika fall i grus, har Chávez henta mykje inspirasjon og ideologisk ammunisjon frå Bolivar. Difor har også Venezuela fått den offisielle tittelen Den bolivarianske republikk. I gatebiletet blir ein minna på dette heile tida gjennom plakatar og slagord.

Bolivarianske «missiones»

Dei sosiale programma «missiones» er sjølve grunnstamma i den Bolivarianske revolusjon og truleg mest suksessfulle.  Talet på misjonar aukar stadig etter nye initiativ frå regjeringa. Det første var Mission Barrio Adentro. Etablert som nasjonalt program i desember 2003, etter ein vellukka start i dei fattige bydelane i Caracas. I dag deltek om lag 20 000 kubanske og fleire tusen venezuelanske legar i programma. Over 20 millionar (over 70 prosent av folket) har hatt medisinsk handsaming i dette programmet i dei første åra etter starten, i følgje INE (Det nasjonale statistiske institutt). Mission Robinson, Ribas og Sucre er utdanningsprogram (basisk lesing og skriving, vidaregåande og universitet) som gjev gratis utdanning til fattige. I følgje ein rapport frå regjeringa i 2006 deltok 3 millionar venezuelanarar i programma. Mission Mercal er ei statsdriven supermarknadskjede som gjev opp mot 50 prosent reduserte matprisar og har i dag omlag 20 000 butikkar.  Den siste misjonen eg nemnar her er den førebels nyaste. Gran Mission Vivienda er eit gigantisk byggeprogram for i første omgang gje 3 millionar fattige leilegheiter innan 2015. I dag ser ein ferdigstilte og påbyrja bustadblokker over alt i Caracas.

Chávez har i motsetnad til mange andre i Latin-Amerika si historie verkeleggjort det han har gått til val på. Derfor har han også vunne 13 val og folkerøystingar sidan 1998. Og da han vart forsøkt styrta våren 2002, fekk han overveldande støtte frå demonstrantar som kravde at han skulle innsettast att. Etter berre tre dagar var han attende i presidentpalasset.

Presidentvalet 7. oktober

Det var knyta stor spenning til valet i 2012, fordi høgresida for første gong hadde samla seg om èin kandidat, Henrique Capriles Radonski. Sjølv om han argumenterte for at mange av velferdsprosjekta skulle fortsette, og at han omtalte seg som sentrumsorientert, tapte han stort. Truverde til ein mann som hadde støtta kuppet i 2002, var langt frå stort nok. Chávez vann med 55% av stemmene og dermed kunne jubelen bryta laus. Etter eit heidundrande fyrverkeri, vart gatene fylt med overlukkelege menneske til fots, i bilar eller på moped. Med plakatar av Chávez med teksten «Mi corazon de la Patria», (hjarta i mitt fedreland), kunne den bolivarianske revolusjonen fortsette. Capriles måtte innrømme nederlaget og sjølv om dei mest høgrevridde fjernsynskanalane igjen spekulerte i valfusk, uttalte Jimmy Carter Center berre få veker før valet at Venezuela har eit av verdas mest transparente og demokratiske valsystem.

I vekevis på førehand oppmoda også statleg media folk om å stemme, noe som også gav 81 % valdeltaking. Det er høgt også i norsk samanheng. Det politiske engasjementet er forsterka på grunn av dei mange komiteane, grasrotorganisasjonane, mikrolåna og den generelle maktspreiinga. Framleis er landet heimsøkt av korrupsjon og ein av Chávez ` første talar til regjeringa var kravet om meir effektivitet. Mykje av det gamle statsapparatet lever vidare, men dei nye institusjonane og bankane som er bygt opp har gjort endringsprosessane mindre avhengig av tungrodde system og direkte motvillige byråkrater.

Etter to veker i landet kor folk snakka ope om sosialisme, tenkjer me at et kriseridd Europa har mykje å læra.. Mens Argentina sa tvert NEI til IMF på byrjinga av 2000-talet og arbeida seg ut av krisa med hjelp av arbeidarokkupasjonar og statleg kontroll, har Spania, Hellas og andre måtte tåle meir marknadsliberalisme og nedskjeringar. Det er framleis mange utfordringar i Sør-Amerika og Venezuela med tanke på fattigdom, inflasjon og kriminalitet, noko andre land også har. Venezuela har valt ein annan veg. Denne inneheld meir velferd, fellesskap, demokratisering og arbeidsskaping. La oss håpe dei lukkast og at Europa endrar seg med folkemakt!

Thorleif Berthelsen og Ivar Jørdre, Attac Bergen og Hordaland